Singelen "Rabbit Hole" har tatt av på Urørt. Lisa Skoglund kom nesten rett fra turné til oss i studio, fortalte om sitt forhold til bruken av språk i låttekstene, og...
mandag 11. juni 2012, kl. 11.32
·
av Helga Hommedal Blikås for Skumma Kultur
Mind Your Mind tek stor plass. Både i farge, form og formidling.
Tilfeldigheiter har vist at å putte alt det dei er inn i på få kvadratmeter, gjev dei best mogleg rom for å utfalde seg.
-Me er ikkje redde for å ha det gøy for å sei det sånn! Me likar å kaste litt rundt oss.
Mind Your Mind beveger seg kryssinga mellom gamle Seigmenn-referansar og Tim Burton sitt horror-leikne univers.
6. juni slapp bandet sin fyrste musikkvideo “Godterier”, tilsynelatande utan frykt for å ta seg sjølve uhøgtidleg.
(Foto: Mirjam C. Holthe)
Historieforteljarar
-Me gjer sjølvsagt noko som er gjort før, me speler rock & roll og metallmusikk. Men me er teatralske og me fortel ei historie…
Via norske tekstar fulle av tru, tvil og skakke skjebnar vert ein lokka inn i Mind Your Mind sitt univers. Vokalist Torjus fortel at han alltid har likt å fortelje ein tekst framfor å synge den.
-Heilheitleg har me nok funne soundet vårt litt igjennom det.
(Høyr også låta “Grenser” live i studio!)
(Foto: Mirjam C. Holthe)
Ein gryande storfamilie
Etter kvart har Mind Your Mind opparbeidd seg eit stabilt støtteapparat rundt seg, og krediterer teknikarane Tim C. Viksand og Ruben Carlsen for å ha gjeve dei uvanleg stort kreativt rom.
-Dersom ein av oss kjem på at “shit, me må ha saxofonar på denne låta så me må berre ta ein ekstra dag i studio”, så berre smiler dei og synest det er kjempemorro.
(Foto: André Lundby)
… Og om du lurar på korleis Patrick ser ut i kjole, kan du sjå det her: Musikkvideo: Godterier
(Regi: Martin Høgberget)
Legg igjen kommentar: