Venstrealliansen gjer eit brakval

Desse er valde inn til Studentparlamentet på UiO etter årets studentval.

Kvart år veljast studentrepresentantar frå ulike politiske lister inn i parlamentet som avgjer kva studententane meiner og ønskjer å gjennomføre ved Noregs største universitet. No er valresultatet klårt, og ei liste tronar på toppen.

Venstrealliansen styrkar posisjonen sin som den største lista på UiO med 24,2 prosent og sju mandat. Det er eit mandat meir enn dei hadde i fjor, og tre meir enn den nest største lista.

– Me er overlukkelege! Det viser at UiO har blitt eit mer solidarisk og inkluderande universitet, og me vil kjempe for å få sakene våre gjennom, seier førstekandidat Ezgi Kutal til Radio Nova.


Johan Hertzberg får nok ikkje leggje ned Studentparlamentet med det fyrste, men skal likevel kjempe for Fremskrittslisten. Foto: Selma Hellstrand

Fremskrittslisten inne

Det var knytt stor spenning til om nykomaren Fremskrittslisten ville slå gjennom, dei har hatt mål om å leggje ned heile Studentparlamentet. Dei kom inn med éin representant med 3,3% av røystene. Dei vel å kritisere valoppslutninga, den gjekk nemleg ned frå 17,6 til 16,3% ved årets val.

– Eg erkjenner at det ikkje vart fleirtal for å leggje ned Studentparlamentet. Den store gruppa som vann dette valet var dei som ikkje valde å røyste. Eg gler meg til å fronte både dei som røysta på oss og dei som ikkje såg nytte med parlamentet, fortel leiar for Fremskrittslisten, Johan Hertzberg.

Vil leggje ned: Jusstudentar meiner pengane går til CV-broiling og gratis pizza

Hoppar inn i leiarkampen

I dag vart det også kjent at Susann Andora Biseth-Michelsen blir med i kampen om leiarvervet for den komande perioden. Frå før av stillar Christen Andreas Wroldsen frå Grønn liste og nemnde Johan Hertzberg.

Susann er i dag studium- og læringsmiljøansvarleg i arbeidsutvalet. Ho har ingen bakgrunn frå ei liste, men starta som ein representant frå fagutvalet gjennom Utdanningsvitskapleg Fakultet.

– Erfaringa mi frå det siste året er ein stor styrke, og eg har eit stort engasjement for studentdemokratiet, seier ho på tysdagens valvake.

Overraska alle på direkten: – Fordi eg har trua på Studentparlamentet vil eg bli leiar


Susann Andora Biseth-Michelsen stiller som leiar for Studentparlamentet. Foto: Selma Hellstrand

Gjestelista er valets største tapar. Dei gjekk inn som nykomar i fjor og slo gjennom med fire mandat, men fekk berre to denne gongen.

– Det kan vere fordi me ikkje lenger er ei ny liste, som me var i fjor. Det mest skuffande er valoppslutninga. Studentpolitikarane må bli flinkare til å snakke med studentar om kva dei faktisk bryr seg om, seier Mie Solum Tidemann.

Dette vart resultatet:
Venstrealliansen: 24,2% – sju mandat
Grønn Liste: 16,6% – fire mandat
A-lista: 14,4% – fire mandater
Realistlista: 13,4% – fire mandat
Liberal liste: 10% – tre mandat
Gjestelista: 6,5% – to mandat
Blå Liste: 6,3% – to mandat
Fremskrittslisten: 3,3% – eitt mandat
Internasjonalista: 2,7% – eitt mandat

Høyr Radio Novas valspesial direkte fra Blindern:

Klarte ikke embedde https://soundcloud.com/oembed?format=json&url=https://soundcloud.com/studentnyhetene/valgdebatt-pa-fredrikkeplassen :(