Anmeldelse: Mahalia på Bergenfest

Den britiske 19-åringen sjarmerte ettermiddagspublikummet

Det er laurdag på Bergenfest og sola har endeleg byrja å skine etter nokre dagar med vind og piskande regn. Det er ei til som skal skine og endeleg få opp temperaturen hjå Bergensarane, nemleg Leicester-baserte Mahalia, som er fyrst ute på «up and coming»-scena Magic Mirrors.

Til tross for at det er tidleg på ettermiddagen, og det faktum at mange vil slappe av ute i godvêret til dei større trekkplastera skal spele seinare på kvelden, klarar 19-åringen likevel å fylle opp innandørsscena og tiltrekke seg eit bredt spekter av publikum. Her er unge festivalchicas med glitter i ansiktet, men óg den eldre garde med litt pondus. Vidare kan ein skimte både hipstarar med den velkjente topplua si, og langhåra rocketypar ikledd skinnjakke. Det er tydelegvis ikkje berre eg som gler meg og er spent på kva RnB-songaren skal varte opp med.

Og Mahalia skuffar ikkje. Med si klare og behagelege stemme akkompagnert av gospelpiano, myke trommer og fengande beats får ho tilhøyrarane til å lytte med stor konsentrasjon og oppmerksemd på det som er nydeleg RnB i det ellers rock og pop-prega programmet på Bergenfest. Tankane vandrar lett til stordommar som Lauryn Hill og D'Angelo, men Mahalia formidlar likevel eit eiga og moderne uttrykk. Ho verkar trygg på scena, og ho byr på rolege moves som passar bra med den avslappa sounden. Men kanskje lyttar publikum litt for godt etter, for etter dei to fyrste songane bryt Mahlia ut, vel og merke med eit smil om munnen: «You are lovely, but also sooo calm. You are making me nervous.»

Ho klarar etter kvart å løyse litt på stillheita og på smilebanda til dei ellers stive nordmennene ved å kome med ærlege og utleverande, men samtidig humoristiske historier og kommentarar mellom låtane. Som til dømes når ho innleiar songen Sober : «I´ve just experienced a serious heartbreak. I was actually amazingly good at having a heartbreak.» Eller når ho midt i songen Hold On stoppar opp, og plutseleg seier: «Sorry, but I just had to burp.»

Når sant skal seiast handlar mange av songane om kjærleik, og det hadde kanskje gjort seg å utvide tekstuniverset med noko anna enn lengsel etter relasjonar eller knust hjarte. Men er det ikkje kjærleik livet handlar om? Kven kan vel ikkje relatere seg til det komplekse og vakre ved eit av menneskets mystiske sider? Uansett, Mahalia er verd å følgje med på framover.

Toppfoto: Oda Elise Svelstad