HALIE på heimebane

Vi møtte Bergens nye popyndling på Bergenfest – og vi skjøner godt kvifor ho er det

– Eg gler meg enormt mykje! Bergenspublikummet er ofte litt meir bråkete i responsen enn det eg opplev andre plassar. Og det liker eg, seier 17-åringen med eit smil som nesten går heilt rundt.

Vi møter Hannah Emilie Grung, betre kjent som Halie, berre nokre timar før ho skal opptre på Bergenfest. Ho er i godt humør og strålar enda meir opp når vi snakkar om musikken hennar, og prosessen fram til der ho er i dag. For det er ingen tvil om at Halie har hatt mykje å glede seg over den siste tida. For eit år sidan bergtok ho tilhøyrarar og kritikarar under Vill Vill Vest-festivalen i Bergen, og etter det har det godt slag i slag. Ho har hatt live-opptredenar både hjå sjølvaste Skavlan og P3-Christine. Under årets by:Larm merka ho seg ut og hausta nok ein gong gode kritikkar, og i sommar skal ho spele på fleire av Noregs største festivalar blant andre Slottsfjell og Øyafestivalen.

Korleis er det få så mykje positiv respons? Korleis tar du det i mot?

– Eg synest det er kjempestas å bli lagt merke til og bli satt pris på. Det beviser på ein måte at det eg driv med og det eg lagar er bra – og det gjer meg ekstra gira og motivert. Samtidig er det litt skummelt òg, men eg lagar fyrst og fremst musikk for meg sjølv og ikkje for andre. Det er kva eg synest som difor er viktigast.

Vere seg sjølv

Sjølv om Halie er i ein god flyt, og har det bra med det ho held på med, er ho likevel klar over at det ikkje alltid nødvendigvis vil gå oppover. Til tross for å berre vere 17 år står ho fram som moden og reflektert, og verkar bevisst på at ei musikk-karriere kan innehalde både oppturar og nedturar, men at ein kan lære av dei sistnemnte.

– For å bli ein god ryttar må ein falle av hesten nokre gongar, seier ho bestemt, men samtidig med ein avslappa haldning.

Noreg har for augeblikket fleire framstormande kvinnelege pop-artistar som Sigrid, Astrid S, Julie Bergan og Dagny. Det kan vere vanskeleg å skilje seg ut både med tanke på sound, stil og image. Halie synest det er hyggeleg å bli samanlikna med andre flinke kvinnelege artistar, men påpeikar at ho er den ho er og ingen andre.

– Eg meiner at så lenge ein kjenner seg trygg på det ein gjer og er seg sjølv, vil ein automatisk formidle sin eigen sound og fronte ein eiga stil. Det er den tanken eg går etter, nemleg at det eg lagar skal kjennast naturleg ut for meg.


Foto: Tonje Boge

Heime i musikken

Ho fortset med å seie at ho framleis er ung og at ho ikkje er redd for å prøve nye ting eller leike med andre sjangrar. Engasjert fortel ho om at ho høyrer på alt frå Beyoncé og Kendrick Lamar til Novo Amor, Panic! At The Disco, men at ho for tida er inne i ein jazz-periode. Det skin i augo hennar når ho snakkar om Louis Armstrong og Nina Simone, og ho kjem med regelmessige utbrot av den positive typen som «Ouff, ja, det er så bra». Det er absolutt merkbart at det er i musikken ho kjenner seg heime, at det er her ho er i sitt rette element. Til tross for den unge alderen er ho allereie erfaren når det kjem til tekstskriving og musikkproduksjon.

– Eg skriv alle songane mine sjølv fordi det er viktig for meg å ha eit eigarskap til det eg formidlar. Songane er ofte inspirert av det eg sjølv har opplevd, har høyrd eller sett, eller ting som vener fortel meg, forklarer Halie.

Hittil har ho sloppe to songar, «Echo» og «Youth», men innrømmer at ho har mykje meir på lager og at ho har eit sterkt ønske om å kome ut med album etter kvart. Musikken kan av og til ta opp mykje av tida, og Halie legg ikkje skjul på at det kan vere utfordrande å kombinere musikk medan ein går på vidaregåande skule. Det er likevel tydeleg kva som er fyrsteprioriteten, og etter det siste året på VGS blir det full satsing på musikken.

Etter å ha hatt ein veldig fin prat er tida inne for Halie å haste vidare for å møte bandet sitt og gjere seg klar for å opptre på Bastionen, den nest største scena. Er ho like sprudlande og trygg på seg sjølv der som under intervjuet har Bergenspublikummet mykje godt i vente.

PS: Vi kan i ettertid konstatere at Halie leverte på Bastionen

Toppfoto: Tonje Boge