Oslo Zoo - Ein serie for deg som liker absurd humor

Endeleg ein norsk humorserie som tar absurd humor på alvor og som får deg til å le og til å tenke «kva faen skjedde no?»

Oslo Zoo er skrive og regissert av Øyvind Holtmon, og er eit etterlengta tilskot i NRK- universet som tidlegare i vår floppa med Nesten voksen og som framleis piner laurdags-sjåarane med Side om side. Denne serien derimot speler både på det lette og det alvorstunge, og består av gode skodespelarar og eit godt og originalt manus.

Handlinga sentrerer rundt hovudrolle-karakteren Amir, spele på fint vis av Amir Asgharnejad. Tilsynelatande har Amir det som trengs for å ha eit brukbart godt liv; han er ferdig utdanna sosialantropolog og bur saman med kjærasten sin Charlotte (spele av Eline Grødal) i ein fin og romsleg leilegheit i Oslo. Problemet er at han ikkje får seg jobb, og frustrasjonen stig parallelt med kvart avslag han får. I tillegg byrjar tolmoda til både sambuaren og familien hans å ta slutt, og han veit han å må ta grep for å ikkje miste dei som står han nærmast.

Difor vel Amir å bli Uber-sjåfør slik at han kan opparbeide seg ei viss inntekt inntil han får den jobben han eigentleg vil ha. Og det er her forviklingane oppstår. For i staden for å vere ærleg om kva han brukar tida si på lyg han og dekkar over med like rare orsakingar som dei situasjonane og karakterane han møter i Ubern sin medan han køyrer gjennom Oslojungelen. Vi blir blant andre vitne til eit svært spesielt utdrikkingslag, ein dysfunksjonell familie, eit homofilt kjærastepar og ein ungdomsfest med meir. Og det er nettopp dét som er styrka til Oslo Zoo. Serien består nemleg av korte episodar der vi i kvar episode får eit innblikk i eit knippe karakterar i ulike livssituasjonar.


Foto: NRK

Det er lett å la seg irritere over kor tafatt og handlingslamma Amir er i dei ulike scenarioa, og som sjåar får ein lyst til å sparke han i ræva og skrike ut; «Men herregud, gjer noko da!». Samtidig er han òg lett å sympatisere med då han eigentleg berre er snill og prøver å gjere sitt beste i dei bisarre knipane han kjem opp i.

Henrik Fladseth gjer seg godt i rolla som den typiske, men u-stereotypiske drittsekken Sebbe som er ute etter dama til Amir. Han er langt frå å vere bad boy og kjekkas à la Hugh Grant i Bridget Jones dagbok – i staden er han som henta ut frå rollebesetninga i ‘The Office’ der alt han seier og gjer har ein komisk effekt. Sebbe og Nils (Endre Synnes Hagerup) frå Heimebane er etter mi meining dei beste komiske skikkelsane i norsk serie om dagen.

Dei andre personane vi møter er både varierte, morosame og til tider provoserande, og dei blir fint fletta saman gjennom uber-verksemda til Amir. På den eine sida skulle eg ønska at nokre av dei fekk større plass då det hadde vore interessant å sjå ei personleg utvikling eller kva som kunne ha skjedd vidare – spesielt med det homofile kjærasteparet. På den andre sida er det eit godt verkemiddel å la sjåaren vere fluge på veggen for ei lita stund for deretter å la elementa sveve i lufta og la sjåaren få tolke på eigenhand.

Oslo Zoo er ein morosam serie som på ulike vis harselerer med dagens samfunn. Alle får gjennomgå – den mislykka akademikaren, arbeidsgivarar, professorar, venskap og andre relasjonar. Men serien klarar òg å reflektere dagens samfunn (og til tider kome med samfunnskritikk) – for under den synlege humoren ligg det alltid eit drag av mørke og alvor som framfor alt er med på å tematisere moral, løgn og konsekvensar.

Dei absurde tinga som skjer er kanskje ikkje alltid like realistiske, men det skal det jo heller ikkje vere.

Toppfoto: NRK