Kvifor du burde lese «Eg får aldri sjå verda igjen»

Ahmet Altan (f. 1950) er ein tyrkisk forfattar, kommentator og avisredaktør som etter kuppforsøket i Tyrkia vart dømt til livstid i fengsel. I boka «Eg får aldri sjå verda igjen» skildrar Ahmet Altan sin eigen arrestasjon, rettssak og liv i fengselet.

Fredag 15.juli gjer militæret i Tyrkia eit forsøk på å styrte den sittande regjeringa. Dei misslukkast, og i dagane etter kuppforsøket går Erdoğan til angrep på den frie pressa. Ein kan låse inne menneske, skriv Altan, men ikkje ideane deira, fantasien, tankane: «Sperr meg inne kor de vil, i mitt grenselause sinn slår eg ut vengjene og fer jorda rundt».

_«Eg røykjer berre når eg er nervøs» svarte Altan då politiet baud han ein sigarett i bilen på veg til fengselet.

Tykkjer du om gode skildringar, litteraturhistorie og mytologi, burde du unne deg «Eg får aldri sjå verda igjen». Det er ei lita forteljing om korleis ein forfattar handterer tilværet bak murane, skildringane er rørande, det handlar om å overleve mentalt.

«Det er tider ein trør på kanten av galskap, slike tider opplevde eg sjølv i ungdommen. Eg var nøydd til å snu. Tok eg eit steg til, ville eg trå over dit det ikkje lenger går an å snu. Det kjende eg på meg.»

Til tross for at innhaldet frå tid til annan er tungt, finnast det ein optimisme og eit håp i ein situasjon der mange kanskje berre ville ha sett mørke. Forteljinga er på mange måtar lettlest, med mykje luft mellom linjene. Det lette språket er personleg og rørande. Det er som om dei mange avsnitta er der for å sleppe til luft, gjere det avgrensa rørslerommet, som ei fengselsselle jo er, meir vidt og opent. Ja, språket er vakkert og orda er kloke, men «Eg får aldri sjå verda igjen» er også ei viktig bok. Ho gjev eit skremmande innblikk i eit Tyrkia der menneskerettane i aukande grad ikkje vert respektert.

«Bortsett frå lengselen finst det ei løysing på alt»

Då forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog, kom på besøk hos Tekstbehandlinsprogrammet var det nettopp «Eg får aldri sjå verda igjen» han anbefalte.
Høyr sendinga her

Toppfoto: Sofie May Rånes