Foto: Pixabay.com

Kva må du studera for å bli astronaut?

Har du ein draum om å ein gong sjå jorda frå verdsrommet? Det er mange vegar du kan ta for å koma deg dit, men krava er høge og moglegheitene få. Mykje må væra på plass for å få den ærefulle tittelen som astronaut.

Det er inga tvil om at for å bli astronaut, treng du gode karakterar. Du må ha minst ein master i medisin eller eit naturvitskapeleg emne, vera sjølvstendig og god på å handtera stressande situasjonar utan å få panikk.

Det held ikkje med faglege kvalifikasjonar. Du må òg vera god på å symja, vera sjølvstendig, ha førarkort, vera svært sprek og god på å handtera stressande situasjonar utan å få panikk. I tillegg kjem spesifikke krav på høgde, syn, hørsel, alder og BMI.

Sjølv om du har alt dette på plass, må du i tillegg vera heldig med tidspunkt.

Har søkt på astronautjobb

– Frå eg var ung har eg vore oppteken av verdsrommet. Og så er det ikkje kvar dag det lysast ut stillingar for astronautar. Spesielt ikkje i Noreg, seier Emilie Ranheim Skytøen.

Skytøen er lege og forskar. Ho har i år søkt på å bli astronaut.


Skytøen forskar no på alzheimer og hukommelsen til mus. Her er ho på opninga av Alzheimersenteret. Foto: Karoline Hovde

Jobbutlysingar som astronaut veks ikkje på tre. Sidan 1978 har ESA, den europeiske romfartsorganisasjonen, søkt astronautar tre gongar. Derfor var det til stor glede for mange, då dei i år sa dei trong fleire astronautar. Det har dei ikkje gjort sidan 2008.

Kor mange var det til glede for, spør du?

Heile 23 0000 søkarar – som kjempar om fire til seks stillingar.

På Norsk Romsenter jobbar Arvid Berthau Johannesen som fagsjef for bemanna romfart og utforsking. Norsk Romsenter representerer Noreg inn mot romprogramma til EU. Han fortel at dei i år gjorde ein ekstra innsats for å få tak i gode søkarar.

– No var det ein ny runde kor me satsa meir aktivt frå norsk hald, for å marknadsføra utlysinga og bidra til å få gode norske kandidatar til rekrutteringsrunden, seier han.

Dei er godt nøgde med resultatet så langt. Stillinga dei la ut på finn.no fekk over 60 000 unike klikk. Ikkje alle var potensielle søkarar, men ESA fekk 313 søknadar frå nordmenn som var kvalifiserte.

Johannesen blei kontakta kvar dag etter utlysinga på finn.no. Foto: Norsk Romsenter

Skytøen har studert på forskarlinja på NTNU og er stipendiat, samtstundes som ho arbeider på St. Olavs Hospital i Trondheim der ho held det kliniske ved like. Ho har alltid vore fascinert av verdsrommet, men har ikkje drøymt om å bli astronaut sidan ho var lita.

Me spurde om ho hadde tenkt på å bli astronaut før ho såg utlysinga.

– Nei, det hadde eg ikkje. Eller, det blir feil å seie. Det er så urealistisk, at det var ikkje noko eg såg føre meg. Men eg kom over stillinga og tenkte det var ein jobb som var skreddarsydd for mitt interessefelt, seier forskaren.

Tilsetjingsprosessentil ESA er ganske heftig. inneheld seks trinn og tek heile 1,5 år:

Trinn 1: Screening. Her ser ESA gjennom søknaden din for å sjå om du er fagleg kvalifisert.
Trinn 2: Diverse testar. Dette inkluderer kognitive, tekniske, motoriske og personlegdomstestar.
Trinn 3: Gruppetestar og individuelle og praktiske testar.
Trinn 4: Medisinske testar. For å sjå om kandidatane har god nok helse.
Trinn 5: Fyrste panelintervju.
Trinn 6: Eit siste intervju før dei endelege kandidatane blir valt.

Får Noreg sin fyrste astronaut?

ESA ligg framleis på trinn 1 og har sagt at 80 % av søkarane er kvalifiserte. Heile prosessen er venta å vera ferdig mot slutten av 2022. Skyhøen har enno ikkje høyrt noko.

– Eg går og ventar i spenning. Dei har sagt at alle søkarar skal få svar. Det kan ta til slutten av november. Ein må berre smøra seg med det ein kallar tolmod, seier ho.

Sjølve tilsettinga skjer om ca. eit år, så me må nok venta endå litt lenger før me får sjå om me får ein norsk astronaut ut i rommet. Men Johannessen har trua.

– Ja, eg har trua. Eg trur me har veldig mange gode kandidatar i den bunken. Så kvifor ikkje?, avsluttar han.

Er du ein student med ein aspirerande astronaut i deg, så er det berre å koma i gong med realfaga. Det tek nokre år å bli god nok, så då rekk du kanskje å bli klar til neste utlysing.

Vil du høyra meir om Emilie og Arvid, kan du høyra Studentnyheitene HER

Toppfoto: pixabay.com