God, Natt Oslo

Sommeren er slutt, hausten er på frammarsj, og det betyr at litteraturen sin sesong endelig er i gang med mange små og store litteraturfestivaler. Alva og Maria i Tekstbehandlingsprogrammet valgte å flashe sine fancy pressekort for å komme inn på litteraturfestivalen “God Natt, Oslo” på Salt. Meir stas blir det virkelig ikkje.

Viktigare å vere meir synleg no enn nokosinne

Etter å ha kjøpt ein øl (som nok ikkje er den billigaste ølen i Oslo), drog vi til dagens fyrste arrangement med Anette Trettenbergstuen, Camara Lundestad Joof og Mohamed Abdi. Tema var skeiv frigjering og representasjon i litteraturen.

Det var ikkje til å unngå at samtalen om skeiv frigjering starta med nokon alvorlege ord om terrorhandlinga som fant sted tidligare i sommer på London Pub. “Det er viktigare å vere meir synleg no enn nokonsinne” startet Lundestad med, og stilla satte seg i det store rommet inne på Salt. Vidare snakka dei om tida før handlinga, og Trettenbergstuen framheva at “ordskifte om alt skeivt og trans hadde hardna” dei siste åra. I tida etter har dette endra seg, og “ein mobilisering av dei som har vore i dvale” har oppstått ifølge samtaleledaren Mohamed Abdi. Så bevega praten seg over til arbeidet som står att og kor stor rolle litteraturen speler i dette, som eit middel for representasjon og frigjering.


Frå venstre: Mohamed Abdi, Anette Trettenbergstuen og Camara Lundestad Joof i samtale på den største scenen på salt. Foto: Alva Nåmdal Kjensli

Eit røsk ut av den sosiale medium bobla

Undervegs i denne samtalen møtte vi eit problem som ofte oppstår i festivalsettinger, vi ville forskjellige ting og måtte splittes. Alva drog vidare på eit foredrag om Cyber-skrekk med forfatter og politisk kommentator Lena Lindgren og filosofen Einar Duenger Bøhn.

Teknologien og spesielt sosiale medium sin frammarsj og overtakelse av samfunnet er kanskje ikkje spesielt nye tema i dagens 2022. Likevel, er det noko med det å sitte i ein sal, med ølen i den eine hånda og telefonen i den andre mens det snakkes om avhengigheten til sosiale medium og det digitale demokratiet, som gjør at disse problema blir litt meir verkelege og akutte. Så viss du vil rivast litt ut av din naive sosiale medium boble, sjå etter eit foredrag med desse to. Det anbefales!


Frå venstre: Lena Lindgren og Einar Duenger Bøhn i ein intens samtale om vårt digtale liv. Foto: Alva Nåmdal Kjensli

Å vere «annleis»

Då samtalen om skeiv frigjering nådde sin slutt sprang tekstbehandler Maria opp til pyramiden, eit lite, intimt rom på toppen av Salt. Her starta ein samtale om transpersonar i litteraturen med Jan Elisabeth Lindvik, Molly Øxnevad og Gudmund Vindsun. Samtalen fokuserte på det å vere annleis og “tyngda ved å vere ein normbrytar”. Det blei også snakka om kor mangelfullt det norske språket er når vi prøver å finne meir inkluderande uttrykksmåtar. Vidare leste Øxnevad eit utdrag frå si nye bok "Feminin gange", kor transpersonar sin kamp for kjønnsbekreftande behandling er eit sentralt tema.


Frå venstre: Molly Øxnevad, Jan Elisabeth Lindvik og Gudmund Vindsun snakker om utfordringar med å vere skeiv og trans i dagens samfunn og før i tiden. Foto: Alva Nåmdal Kjensli

Mange samtalar, kort tid

Etter samtalane om skeiv frigjering, transpersonar i litteraturen og cyber-skrekk møttest dei to allereie slitne tekstbehandlarane til ein ny samtale om ytringsfridomen. Her stilte Danby Choi og Lisa Esohel Knudsen saman med samtaleledar Kjersti Løken Stavrum. I praten om synspunkter og ulike meiningar forsvann tida fort, og då samtalen var over måtte dei to tekstbehandlarane skynde seg til det neste arrangementet på pyramiden.


Frå venstre: Kjersti Løken Stavrum, Lisa Esohel og Danby Choi diskuterer Ytringsfrihetskommisjonen. Foto: Alva Nåmdal Kjensli

Humor og alvor

Dei mange timane med samtalar om store temaer hadde verkeleg tært på dei to tekstbehandlarane, så når lyset blei satt for kvelden sin siste samtale i pyramiden ble Maria prega av ein hovudpine påført av utmatting og ølmangel. Heldigvis redda Abid Raja og Kadafi Zaman kvelden med sine mange humoristiske historier om å vekse opp “mellom to kulturar”, som jo var namnet på kveldens siste samtale. Raja og Zaman delte stort og smått om kulturforskjellar og identitet. Mot samtalen si slutt blei stemning alvorleg, da Raja tok opp naturkatastrofa i Pakistan og dei store øydeleggingane i landet. Eit av dei siste utsegna om alle dei som no har mista sine heimar festa seg “og det er ikkje slik at desse menneska bere kan dra til hytta. Alt dei har no er telta dei får frå velgjerdshjelpsorganisasjonar. Alt dei eig er borte”.


Abid Raja og ein gøymt Kadafi Zaman på veg ut av lokalet. Her blei vi så fengsla at vi gløymte å ta bilde før det blei litt seint. Foto: Alva Nåmdal Kjensli

“God natt, Oslo” var stappfull av samtalar om store, viktige tema den tirsdagskvelden dei to tekstbehandlarane sprang frå rom til rom. Sjølv om dei mange timane med samtalar førte til utmatting, så gledes det allereie til neste års festival. Oppfordringen her er å sette av datoen!

Toppfoto: Alva Nåmdal Kjensli

Skrevet av Alva Nåmdal Kjensli og Maria Schjerven