Toppfoto: Ragnhild Eikeland

Umami spiser - veke 44

I disse tider kan det gjere godt for både kropp og sjel å ta seg ei lita utflukt. Svenskane kan by på litt av kvart å ete, alt frå fika til kanelbulle på boks. Vekas Umami spiser får du av Ragnhild, og eg har ete meg gjennom Gøteborg!


Kardemommebolle frå Gerd i Linnégatan. Foto: Ragnhild Eikeland.

Fika hjå Gerd
Fika er ein essensiell del av svensk matkultur, eit heilagt kaffiavbrekk i løpet av dagen! Mi lokalkjende venninne visste akkurat kvar vi skulle få tak i bra fika. Den sjølvstendige kafeen Gerd i Linnégatan byr på heimebaka søtsaker og bra kaffimeny. Til dagens kaffi går vi for kvar vår kardemommebolle med ein tvist, bokstaveleg talt. Dette liknar nemleg croissant-deig, på grunn av den sprø og flakete konsistensen. Bollen ser særs Insta-venleg ut med fin gyllenbrun steikeskorpe og topping.

Når det kjem til bakverk er croissant diverre ikkje ein favoritt hjå meg. Det blir rett og slett for mykje smør, noko som er ganske vilt å seie for ei gardsjente som meg. Kardemommen dominerer, men bollen har passeleg søtleik. Den smørete konsistensen gjer seg noko dårleg til dynk&drypp™. Det legg seg også eit feittlag liknande oljesøl i kaffioverflata etter eit par dynk. Ikkje særleg delikat! Bollen er overveldande og må etast i to etappar. Dermed får kardemommebollen frå Gerd ein 6/10 på heilskapleg skår, og 3/10 på dynk&drypp™. Kaffien derimot, 10/10!! Supre saker.


Dynk&drypp™ illustrert med bollen frå Gerd. Foto: Ragnhild Eikeland.

Før vi legg ut på «thrifting» i Gøtalandet, får eg høyre nyss om ein viss bulle i eit visst strøk.


Den berømte «Hagabullen» får du på Café Husaren i Haga. Foto: Ragnhild Eikeland.

Berømt bulle!?
Det stemmer. Eg måtte sjølvsagt smaksteste den berømte Hagabullen når eg først var i byen! Kanelsnurren frå Café Husaren er kjend på grunn av sin gigantiske størrelse, og eg blei definitivt imponert. Nokså mett på førre fika, gjekk eg for 2 kvarts Hagabulle. Dette var eit lurt val, for her snakkar vi skikkeleg bollestoff! Konsistensen er luftig som ei sky og bakverket er rykande fersk. Venninna mi er imponert. Førre gong ho var her gjekk ho nemleg på smellen med å kjøpe bollen for seint på dag. Bokstavelig talt eit heitt tips frå oss her altså; få tak i Hagabullen FØR klokka bikkar 12!

Med passeleg mengde sukker og kanel mellom laga, samt ingen overveldande smørsmak, får denne snurren ein skår på heile 8/10! Denne bolleskya absorberer også opp den halvlunkne kaffien min med god evne. Dermed får Hagabullen også lik skår på dynk&drypp™, 8/10. Ei god runde to med fika her, altså!


"Nu blir det andra bullar. Hagabullar". Foto: Ragnhild Eikeland.

Deig på Deg
Etter timesvis med thrifting og bulle-snacking, er det tid for å få i seg nokre ordentlege karbohydratar. Vi dreg i retning Deg – ei pizzasjappe med fokus på ekstra digg botn. I kjent 2022-stil scannar vi ein QR-kode som får oss rett inn på ein Messenger-chat med restauranten. Her kan vi bestille det vi måtte ynskje. Snertent! Medan venninna mi går for kvit saus og sopp, går eg for klassiske italienske smakar. «Tomatsås, mozzarella, cocktailtomater, burrata, basilika, pecorino, basilikavinägrett», lyder skildringa. For å få på ekstra digg italiensk smak, bestiller eg salami i tillegg.

Medan vi ventar må vi sjølvsagt også ha ein rimeleg 0,5 med Carlsberg. Men vente treng vi jammen ikkje gjere lenge, for her kjem pizzaen lynraskt! Denne treffer på alle sider av smakslaukane. 4 flak med godt krydra salami tok pizzaen til nye høgder. Med eit lite dryss pepar, blir opplevinga komplett. Min einaste kritikk er at burrataen er noko mektig, og blir ikkje heilt oppeten før vi forlèt lokalet. Dette kan jo sjølvsagt også skuldast dei to rundane med fika eg hadde føre meg tidlegare... Likevel, pizzaen frå Deg får ein solid 8,5/10!


Digg botn på Deg i Drottninggatan. Foto: Ragnhild Eikeland.

Bulle på boks!?
Før vi trekk oss tilbake til airbnb’en vår må vi sjølvsagt innom Systembolaget for litt forfriskingar. Her går eg for to nyheiter i «Småflaskor»-seksjonen, nemleg ein italiensk og ein amerikansk raudvin. Begge på boks! Rett før vi går til kassa får vi også auge på noko frykteleg, nemleg ein Halmstad CRUSH limited edition med smak av «kanelbulle». Det er overraskande nok berre éin boks att i hylla, og den raskar vi med oss. Innkjøpet skal diverre vise seg å ikkje imponere.

Boksen med 80 % Zinfandel er som tjukk sukkerlake på boks, og dette kjem frå ei som er særs glad i denne blå vindrua. Den kan egne seg til mørk sjokolade, då dette fungerer balanserande for den overveldande søtleiken. Utanom dette skårar vinen 2/10! Samanlikna med denne fæle raudvinsopplevinga, kjem Dolcetto di Piemonte betre ut. Noko tynnare, mykje mindre søt og nokså fruktig. Denne går greitt ned og får 5/10 på skår. Sist men ikkje minst, kanelbolleboksen. Dette er det verste eg nokon sinne har smakt av alkoholhaldig drikke. Frå lukt til smak kjennast dette heilt feil på alle måtar. Endå godt dette er ein sokalla «limited edition», for det her var ubeskriveleg hesleg. Skår: -1/10.


Skuffande saker på boks. Foto: Ragnhild Eikeland.

Alt i alt, Gøteborg har god fika og god pizza å by på. Jette mysigt.♥