Nye Framstegslista vil leggje ned Studentparlamentet

Jusstudentar frå fersk UiO-liste meiner pengane går til CV-broiling og gratis pizza, utan å oppnå noko som helst

Høyr heile debatten på Emneknaggen.

Ifølgje ein Universitas-artikkel frå i fjor kostar studentanes rådgjevande organ rundt 2,3 millionar å drifte, men med ei valdeltaking på 17,6 % er dette bortkasta pengar, meiner Framstegslista.

Leiar for nykomarlista, Johan Hertzberg, stilte opp i Emneknaggen sist veke og vart utfordra av Jonas Virtanen frå A-lista. Virtanen spør:

– Korleis skal studentane få lov til å ytre seg dersom du fjernar det einaste demokratiske organet dei har i dag?

– Å kalle det eit demokrati er ei overdriving når under 20% røyster. Kven rår faktisk over UiO? Det er Stortinget og Regjeringa. Kven sit der? FrP! Her er det mange måtar å påverke, svarar Hertzberg.


A-lista og Framstegslista møtte til debatt på Emneknaggen onsdag 12. mars. Foto: Marius Stenberg

Han held fram med å nemne den akademiske boikotten av Israel som eit døme på «det største gjennomslaget» studentpolitikarane har fått gjennom. Denne vart seinare oppheva fordi Studentparlamentet hadde utfordringar med å tolke det.

Virtanen er uenig i at Studentparlamentet ikkje har gjennomslag, og nemner situasjonen der psykologiklinikken vart stengt utan at studentane vart involvert.

– I haust klarte me å vende universitetsleiinga i PSI-saka. Der var det studentdemokratia og studentane som klarte å gjere noko med det. Kven skulle psykologistudentane elles gått til, seier Virtanen.

Høyr heile debatten her: