Volda: Norges siste høgskole?

Høgskolene slår seg sammen som aldri før, eller blir til universiteter. Kan Høgskulen i Volda bli den siste høgskolen i landet?

– Når Nesna, som er ein av dei minste studiestadene i landet, har vorte universitet og difor har like stor rett til å kalle seg universitetsstad som Oslo, Trondheim eller Bergen. Då er eigentleg universitetsnamnet tømt for innhald, sier Johann Roppen til Emneknaggen.

Johann Roppen er rektor ved Høgskulen i Volda. De er med sine 4184 studenter mest kjent for utdanning innen journalistikk, media og lærer. Allerede i 1861 startet de som lærerskole, og de er i dag en av to regionale høgskoler igjen i landet sammen med Høgskolen i Østfold. Resten av skolene slått seg sammen til større enheter.

Hør intervjuet med Johann Roppen her.

– Det som har skjedd dei siste åra er det politikarane kallar ein strukturreform. Det handlar om at det vert færre og færre høgskular, fordi dei vert tekne over eller slår seg saman med andre større høgskular eller universitet. No prøver dei fleste av dei samanslegne skulane å verte universitet. Me har jo sett at Høgskolen i Sørøst-Norge nyleg vart Noregs nyaste universitet etter Oslomet. Dermed er det nok naturleg at Høgskolen i Innlandet er neste i løypa og antageleg Høgskulen på Vestlandet etter det. Då vert det ikkje mange høgskular att.


Mediestudenter ved Høgskolen i Volda. Foto: Kommunikasjonsforeningen Volda (CC BY 2.0)

Det blir færre og færre høgskoler

Sammenslåingene startet i 2014 med at Norges landbrukshøgskole og Norges veterinærhøgskole ble til Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Samme år slo de to høgskolene i Buskerud og Vestfold seg sammen. Ett år senere ville Høgskolen i Telemark også være med og de ble dermed til Høgskolen i Sørøst-Norge.

I 2016 ble Universitetet i Nordland og høgskolene i Nesna og Nord-Trøndelang samlet til Nord universitet, samme år ble høgskolene i Gjøvik, Ålesund og Sør-Trøndlag en del av NTNU. Før Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Hedmark ble samlet til Høgskolen i Innlandet i 2017. Samtidig ble høgskolene i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund samlet til Høgskolen på Vestlandet. Blir det det i hele tatt høgskoler igjen?

– Det er lett å gløyme at høgskulegruppa er stor og mangfaldig med både statlege og private aktørar. Frå den aller minste, som er Høgskolen for landbruk og bygdeutvikling på Jæren, som ikkje har hundre studenter ein gong. Me har Samisk Høgskole som alltid vil vere liten, men viktig. Me har Høgskulen i Volda med fire tusen studentar, også har me Musikkhøgskolen, Idrettshøgskolen, Handelshøgskolen i Bergen og Vid vitenskapelege høgskule for kirkefag. Dette mangfaldet trur eg eigentleg politikarane og i alle fall høgskulefolka er veldig interesserte i å ta vare på.

Hør ukens Emneknaggen her:

Hva oppnår høgskolene med universitetsstatus?

I 2005 fikk Høgskolen i Stavanger universitetsstatus, og ble derfor den første i rekken av nye universiteter i landet. To år senere gjorde Høgskolen i Agder det samme. I Oslo og Akershus ble høgskolen til Oslomet – Storbyuniversitetet. Den siste er det nye Universitetet i Sørøst-Norge som etter bare noen få år som høgskole også fikk universitetsstatus. Så hva med Høgskolen i Volda, kan de bli det?

– Høgskulen i Volda kan ikkje verte eit universitet, men me kan verte ein del av eit universitet om ting endrar seg. Det er antall doktorgradar som er kriteriet for å kunne oppnå statusen, og me har fått på plass ein doktorgrad i samarbeid med Høgskolen i Molde. Men eit mantra som mange høgskular har fulgt, og som framleis gjeld her i Volda er: Det er viktigare å vere ein god høgskule enn å verte eit dårleg universitet.

– Det er framleis folk i organisasjonen som held på universitetsdraumen. Eg trur sjølv det er viktigare med kva ein fagperson driv med enn sjølve ordet universitet. Kva du forskar på. Kva nettverk du er ein del av. Kva doktorgradskandidatar du får fram.


Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sammen med rektor Curt Rice da han presenterte nyheten om at regjeringen har sagt ja til Oslomet – storbyuniversitetet. Foto: Sonja Balci/Oslomet

– Det tyder at det er vanskeleg å heilt vite kva eit universitet er i Noreg i dag. Me ser jo at universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim har ei heilt anna finansiering og heilt andre ressursar til forsking enn dei nye universiteta i Stavanger, Kristiansand og Bodø. Men også Oslomet og Universitet i Sørøst-Norge. Desse må slite over tid for å auke ressursane sine til forsking. I den grad det å verte eit universitet handlar om at du trur ein skal få meir pengar, så er det ikkje noko automatikk i det. Det er ein ganske lang veg å gå for å ake budsjetta. I eit litt kynisk perspektiv kan ein seie at det å verte eit universitet handlar om å få ein klapp på skuldra frå politikarane som vert forførte av ordet universitet.

Bør Volda slå seg sammen med andre i fremtiden?

– Dette gjekk eg til val på som rektor i 2015. På den tida var stemninga slik, at me må vel slå oss saman fordi alle andre må. Så begynte me å sjå litt nærare på det. Som høgskule er me faktisk ein autonom institusjon, der det er styret som avgjer om me vil slå oss saman med nokon andre eller ikkje. Det er ikkje aktuelt på kort sikt. Geografien på Vestlandet er ikkje som på Austlandet eller i Vestfold. Universitetet i Sørøst-Norge har mange studiestader, men ein kan til dømes ha møte på tre eller fire stader utan at det vert stress på grunn av dei korte avstandane. Skulle me verte ein del av Høgskolen på Vestlandet er det tre og ein halv time til Sogndal og Førde. Til Bergen måtte ein ha teke fly eller køyrt i seks timar. Me manglar bokstavleg tala nærliggjande fagmiljø som det er naturleg å slå seg saman med i framtida.


Kan Volda komme til å stå alene i framtiden? Foto: Ingar Jakob Feiring

Etter stadig flere sammenslåinger og nye universiteter kan Volda komme til å bli den siste høgskolen i Norge?

– Viss me skulle verte den einaste høgskulen er det klart at det er ein fordel fordi me vert veldig synlege i landskapet. Men ein ting som har vorte litt gløymt i dette samanslåingsreset er at det fortsatt vil vere høgskular på kvart nes. I tydinga det vil framleis vere studiestader på kvart nes.

– Me kjem til å ha mange høgskular i Noreg, også i framtida. Når me tenkjer på Volda som den siste regionale høgskulen så håpar eg og trur me ikkje er den siste. Men skulle me verte det vil eg seie det sånn: Det å vere sist høyrast trist ut, men det å vere eineståande høyrast stort ut.

Toppfoto: Ingar Jakob Feiring, Bearbeiding til nynorsk Marius Stenberg
Publisert 6. juni 2018. - Saken ble sist oppdatert 8. juni 2018