Nova-reportar syng karaoke: – Heilt grusomt

– Plutseleg kom den songen, så tenkte eg «faen heller, no må eg jo berre gjere det».

Høyr reportasjen her.

Pønkarbandet Sløtface har sett i gong ein tradisjon med karaokekonsertar der vokalisten trør ned og publikum inntar scena for å innfri diverse guilty pleasures. Dette valde dei også å gjennomføre under årets Slottsfjellfestival.

Sjå for deg ei scene, med eit lite, tett og livleg publikum som syng med for full hals på alt som er. På scena står eit spelemannvinnande band som backing, og du stig opp for å gjere vokal.

Sjølvsagt lèt underteikna seg freiste, og etter å ha krangla litt med vakta stod eg sjølv på scena med rundt hundre folk som overvar den famøse augneblinken. Det kunne ha gått betre. Langt betre.

Slik gjekk det då Novas utsende drista seg opp for å synge:

Konseptet byrja dei på festivalen The great escape i England i fjor, som eit morsomt promoforslag frå plateselskapet. Bandet var sjølv skeptiske, og ikkje alle i bandet visste at det var dei som skulle stå for backingen. Likevel vart det særs vellukka, og ein hit blant fansen.

– Det er jo galskap. Men me skal vere så fulle at me skal vere så fulle at me kan eie det, skamlaust, og gjere det med full innsats, fortel bassist Lasse Lokøy til Radio Nova.


Bassist Lasse Lokøy (venstre) trudde fyrst dei skulle leige inn karaokemaskin då han sa ja til å gjere karaoke. Her med ein ukjent kjenning.

Den 19 år gamle Tønsberg-jenta Emily Cottingham var i ekstase etter konsertslutt, og meiner alle bør driste seg opp på scena viss sjansen byr seg.

– Alle får høve til å kjenne seg som ei stjerne for ein kveld. Det er heilt utruleg, seier Emily Cottingham.


Publikum digga iallfall opplegget. For kven elskar vel ikkje karaoke?


Studentradioen i Bergen kasta terning på Nova-reportarens opptreden.