Ei festframsyning

Flashdance - The Musical byr på herlege dansenummer, synging og ein hitparade utan like, og har ikkje vanskar med å skape god stemning blant publikum.

Endeleg har musikalen Flashdance kome til Noreg, rettare sagt til Chateau Neuf, der den skal rulle og gå ut hausten. Musikalen baserer seg på filmen med same namn som kom ut i 1983, og det tek ikkje mange sekundane før vi i salen blir dratt inn i dette mangsidige tiåret. Her er det breakdancere i fargerike og oversized shorts og treningstøy, og det assosierast til glede, fellesskap, kunstnarisk utvikling og håp. Men i bakgrunnen lurer det eit mørke, for i det vesle lokalsamfunnet handlinga utspeler seg i, er gleda og fellesskapet truga av outsourcing, og det er tydeleg at innbyggjarane må kjempe hardt i kampen for tilværet. Ein kamp som stadig er aktuell både i USA og andre delar av verda. Det røffe miljøet blir formidla allereie frå fyrste song, «Ein stålgrå by», der vi blir presentert for stålverket beståande av hardtarbeidande sveisarar.


Ein mørk skugge over stålbyen. Foto: Tovita Razzi

Ein av desse arbeidarane er 18-åringen Alexandra Owens, som jobbar som sveisar på dagtid og dansar på nattklubb på kveldstid. Men hennar største draum er å kome inn på det prestisjefylte danseakademiet Shirley for å ein dag kunne bli profesjonell dansar. Hovudrolla er glimrande spela av Heidi Ruud Ellingsen som på glitrande vis klarar å kombinere dans, synging og skodespel. Ho gjer ingen skam på dei famøse dansescenene då ho utfører dei på ein kontrollert, men lidenskapeleg måte. Det er ingen tvil om at Ellingsen, med si erfaring og karisma på scena, er med på å løfte framsyninga. Ho er spesielt god til å time den barnlege lysten med det meir mørke og usikre indre som Alex kjenner på.

Ei gledeleg overrasking med musikalversjonen er at den vier større plass til dei andre karakterane. Vi blir blant anna betre kjent med Gloria tolka av Lene Kokai Flage. Gloria er bestevenninna til Alex, som på trist vis blir eit bilete på kor fatalt det kan gå når lengselen etter å bli sett (og draumen om å bli stjerne) blir for sterk. Flage presterer godt i å formidle karakterens sårbarheit og den skjøre balansen mellom draum og mani. Ho blir offer for menn med makt, eit fenomen som ikkje har endra seg i særleg stor grad sidan 80-talet.


Gloria spela av Lene Kokai Flage. Foto: Tovita Razzi

Vi blir òg betre kjent med rolla til Sindre Postholm. Han speler Nick som er dratt mellom to verder: ei rik og privilegert verd, og ei verd prega av fattigdom og slit. Som assisterande sjef i stålverket byrjar han å jobbe imot farens nedbemannings-planar, og gjer alt han kan for å betre situasjonen til dei tilsette. Men han møter motgang både frå farens side, og arbeidarane som framleis har fordommar mot han.

Det er verdt å nemne at hovudkarakterane blir flott backa opp av resten av ensemblet, og at det er god kjemi mellom dei. Det er tydeleg at ensemblet i hovudsak består av dansarar og talentfulle songarar der dei beveger seg rytmisk, elegant og koordinert saman på scena. Derimot skortar det litt på skodespelarprestasjonane.

Andre element som trekker ned heilskapsinntrykket er lyden. Det er fleire gongar at det skurrar i mikrofonen, og det kan til tider vere vanskeleg å høyre når fleire syng samtidig. Ein anna merkbar ting er at sceneskifta er i overkant effektive. Det vil seie at kulissane blir fjerna litt for fort og skapar brot i harmonien og dei ulike sceniske augneblinka. I tillegg kan replikkane og humoren av og til kjennast uoriginale og klisjéfylte ut. Eit godt døme på det er den komiske karakteren Hilde Lyrån speler. Sjølv om fleire ler godt, så kan det komiske av og til bikke over til å bli too much.

Dette er likevel fort gløymd når hits som « «I Love Rock N’ Roll» og «Manhunt» utført av eit rocka og sexy ensemble bidreg til høg temperatur, stille allsong og sittedansing blant publikum. Og etter ei rørande avslutning i siste akt (altså auditionen til Alex) er optimismen og gleda på topp, og vorspielstemninga er skrudd opp på fullt.


Alex, i form av Ruud Ellingsen, gjev alt på audition. Foto: Tovita Razzi

Alt i alt er dette ei energisk framsyning som passar godt i haustmørket.

Toppfoto: Tovita Razzi