Verda rundt i ein 1986 Fiat Ducato

To kompisar skal reise verda rundt «i ein rustholk av ein bubil.» Alt før avreise har bilen brote saman, men Snorri Sigurbjørnsson og Harald Brevik skal fram - om dei så må ta beina fatt.

Høyr Snorri og Harald fortelje om dei elleville planane her:

Klarte ikke embedde https://soundcloud.com/oembed?format=json&url=https://soundcloud.com/skumma-kultur-p-fm-99-3/reiser-jorda-rundt-i-bubilen-murphy/s-uukrS :(

Telefonen ring inn til Radio Nova. På andre sida av røyret svarar ei munter Østfold-røyst. Dei er to karar som skal reise verda rundt. Dei har nettopp vore på Radio Norge, og tek gjerne eit intervju til før dei fèr heim att.

Det syner seg fort at dei meiner alvor, og har ambisjonar ut av ei anna verd. Dei to gode kompisane frå Fredrikstad har tenkt lenge på å reise, og no medan dei er rundt tretti var det tid for å berre gjere det. Dei har kome fram til at turen kan ta to år, men dei aner ikkje kor lenge dei vert på vegen - eller om dei ein gong kjem tilbake.

– Jo lenger ein ventar dess fleire ting er det som held deg att. Ein må berre bestemme seg for å kutte alle trådar, sier Harald Brevik til Radio Nova.

Murphys lov

Det viste seg å vere vanskelegare enn dei så for seg. Avreise har vorte utsett fleire gonger fordi ting har roke på den gamle Ducatoen. I starten av november vart det store køar inn til Fredrikstad etter at clutchen sa kaputt, midt i rundkøyringa gjennom innfartsåra til byen. østfoldingane reiser så fort dei kan, men bilen er framleis på verkstaden.

– Me har døypt bilen Murphy, etter Murphys lov. «Alt som kan gå gale vil gå gale.» Men den heiter ikkje berre Murphy, men Murphy nummer 1, fordi me er inneforstått med at det ikkje er sikkert at han vert med heile vegen, seier Harald.

– Så de må kanskje skaffe ein ny Murphy?

– Det kan fort skje. Og det kan hende at dei siste murphyane vert beina våre, seier han og ler.


Foto: Privat

Reknar med å bruke to år

Karane peiker pila sørover, og kanskje finn dei jobb på eit whiskydestilleri i Scottland. Etter Europa ventar India, Sør-Korea og Japan. Så tenkjer dei å krysse Stillehavet ved å få skyss av eit eller anna skip, køyre over Nord-Amerika, Mellom-Amerika og Sør-Amerika til det endelege målet på Kapp Horn.

Akkurat korleis dei gjer det er uvisst. På vegen ynskjer dei å finne diverse jobbar for å skaffe pengar til vegen vidare, samt opplevingar. Kanskje brukar dei to år, kanskje mindre eller til og med meir.

– Tek de ikkje ein risiko?

– Alt er jo ein risiko, svarar Snorri.

– Det er ikkje alle stader i verda som er like trygge.

– Det er sant. Men det er det som vert interessant å sjå om ein møter menneske éin til éin, om dei er gåvmilde og snille, sånn som oss.

Dei reiser på denne måten fordi dei ynskjer å oppsøkje lokalbefolkninga, og ikkje berre å sjekke inn på eit hotell, sove der og dra på nokre utestader. Harald samanliknar det med korleis folk reiste før i tida, til dømes då Marco Polo utforska verda.

– Den tida då ein kom til stader, kjente ingen, kunne mest ikkje kommunisere med dei, men klarer likevel å overleve der, seier Harald.

Snorri og Harald kjem til å oppdatere frå turen undervegs på heimesida deira.

Høyr om reisa til Snorri og Harald:

Klarte ikke embedde https://soundcloud.com/oembed?format=json&url=https://soundcloud.com/skumma-kultur-p-fm-99-3/reiser-jorda-rundt-i-bubilen-murphy/s-uukrS :(

Toppfoto: Nicole Myhrer.