Gyldendal Forlag og Maria Olivia Rivedal

Vaksenboka som ville bli prisvinnande ungdomsbok

Ho har vunne Brageprisen for beste ungdomsbok, men det var ikkje ungdom Ane Barmen først hadde i tankane da ho byrja å skrive den kritikerroste debutromanen.

I ”Draumar betyr ingenting” møter vi syttenåringen Louise, som flytta, eller kanskje heller rømte på hybel etter ho mista Tormod. Da ho reiser heimatt kjem ho til ein sjukeheimsjobb ho ikkje vil ha, og venner ikkje lenger har noko til felles med. I brystet er eit hòl.

– Det var forlaget som føreslo at det skulle bli ei ungdomsbok. Dei meinte språket og erfaringsgrunnlaget til hovudkarakteren kunne passe ungdom. Da hadde eg allereie skrive over halve boka som vaksenbok.

Ane Barmen kasta seg rundt for å gjere boka om til ei ungdomsbok.

– Greitt, da gjer vi det sånn, tenkte eg, fortel den nybakte fortattaren.

Men det var ikkje like fort gjort som ho tenkte.

– Korleis skriv ein eigentleg for ungdom? Må eg forandre på korleis eg skriv? Plutselig låste det seg litt, seier Ane Barmen.

Løysinga vart at ho skreiv som før, men endra på dei ytre tinga: alder, kor hovudkarakteren Louise går på skule og liknande. For Barmen ville ta ungdommane på alvor.

– Eg trur det er vanskelig å tenkje på at du skal skrive for nokon som er yngre, det er så lett å undervurdere, og det vil eg ikkje gjere. Derfor vart det ei bok for ganske vaksen ungdom, forklarer ho.

Høyr heile intervjuet med Brageprisvinner Ane Barmen som podkast

Klarte ikke embedde https://soundcloud.com/oembed?format=json&url=https://soundcloud.com/tekstbehandlingsprog/ane-barmen-og-draumar-betyr-ingenting :(