Bra Trommis spår ein «framtidig kultklassikar»
Dommen er klar: du kan sikre kulheitsfaktoren din 20 år fram i tid og seie «eg hugsar då den kom ut» hvis du høyrer albumet no.
Eitt stykk “trommis” (kallenamn på medlemmane i musikkprogrammet Bra Trommis) som er lykkeleg for å ha fått tak i førstepressinga av Bridge of Sacrifice av Powerplant på vinyl.
Publisert: April 16, 2026, 10 p.m.
Skrevet av Augustin Junge Eliassen for Bra Trommis
Bridge of Sacrifice av Powerplant
Utgjeven 13. mars.
Den Londonbusette ukrainaren Theo Zhykharyev, betre kjend under artistnamnet Powerplant, slapp forgje månad plata Bridge of Sacrifice som har vore til stor begeistring for nokon av musikknørdane i Bra Trommis, Radio Nova sitt aktualitetsmagasin for undergrunnsmusikk.
Denne skiva er gjennomsyra av ei mystisk, nesten vondskapsfull rockekjensle som eg absolutt ikkje får nok av om dagen, eller natta for den saks skuld. Med grottesynth, videospeltempel-atmosfære, garasjepønk og svartmetall blanda meisterleg i hop står den som ei spennande og innovativ lytteoppleving som gjer albumet lett å fryde seg over, og dessutan ulikt noko anna eg har høyrd. I manko på eit betre omgrep speler sporet “The Fork” som akustisk-grunge.
Enkeltspora og Bridge of Sacrifice i si heilskap flyt mellom alle desse uttrykka utan at det nokon gong kjenst usamanhengande eller påtvinga, og eg har på kjensla at vi står ovanfor ein framtidig kultklassikar.
At på til passa det knallbra som bakteppe til det grå og gjørmete mellomstadiet mellom vinter og vår vi hadde her i Oslo då albumet først blei utgjeven for ein månads tid sia. Kanskje ein tilfeldig faktor, men som drog dei første gjennomlyttingane eg hadde av skiva ytterlegare opp for meg. Eg er likevel ikkje i tvil om at dette er eit album som vil følgje meg i sommaren sine kommande eventyr òg. Spesielt hvis eg besøker ei grotte, går meg vill i skogen eller vakner opp som ein karakter i eit tekstbasert datarollespel.
«Det vekker virkeleg det retrovirituelle. Eg følar at eg har funne eit arkivert spel frå 90-talet. Eller kanskje finn eg ein floppydisk eit sted og så greier eg å fyre den opp på eitt eller anna vis. Eit mystisk gamalt spelunivers seg eg for meg, kor eg lurar på om nokon andre har vore her før.»
- Min Bra Trommis-kollega Marcus etter å ha høyrd sporet “Arborglyph”, som for så vidt betyr innrissingar i barken på levande trær, hvis du skulle lure. Rått.
Direkte: Radio Nova / 21:30–23:00: Lyden av Kerbs