Tre trendy drinkar frå Romerike
Østenfor Oslos bygrense finnast ikkje berre bustadar for dei som har blitt pressa ut av hovudstadens leigemarknad; Romerike kan òg tilby ein rekke friske cocktails.
Jessheimsk versjon av klassisk sangria. Foto: Thien Quang Le
Publisert: March 4, 2026, 5:37 p.m.
Skrevet av Thien Quang Le for Umami
Romerike-cocktails (NB. ikkje Romerriket) er ei felles nemning på drinkar som følgjer eitt kriterium: dei må innehalde Monster energidrykk. Namnet kjem av Romerikes rykte på seg som eit harry sted, og kor harry det er å blande med Monster framføre andre dyrare ingrediensar. Vi i Umami har gleda av å presentere tre døme.
Jessheim-sangria
Ein vri på den klassiske sangriaen frå Noregs 21. største by. I staden for sodavatn og sitrusfruktar, brukar vi berre kvit Monster! Bland med kva som helst raudvin, men redaksjonen anbefaler ein (billig) lambrusco for ekstra friskleik og lysare farge.
Du behøver:
- 1 flaske raudvin
- 2 boksar Monstra Ultra White à 500ml
- 1 appelsinskive til pynt (kan sløyfast)
Hurdal Spritz

På Øvre Romerike finner vi ein variasjon på Hugo spritz som byggjer på dei same prinsippa som føre cocktail. Bruk gjerne ein prosecco for å halde den tru til ein autentisk Hugo, men ein frisk txakoli fungerer til dømes òg godt!
Du behøver:
- 1 flaske musserande/txakoli
- 2 boksar Monster Ultra White à 500ml
- Mynteblad til pynt (kan sløyfast)
Blystadlini

På endepunktet til 300-bussen, finner vi Blystadlia på Rælingen. Bustadsområdet har gitt namn til denne bellini-varianten som kombinerer prosecco og fersken-Monster. Til biletet har vi brukt sauvignon blanc, fordi prosecco er dyrt.
Du behøver:
- 1 flaske prosecco
- 2 boksar Monster Ultra Peachy Keen à 500ml
- 1 bit fersken-godteri til pynt (kan sløyfast)
None