Bård berg / Foto: Martin Bremnes

Bård berg / Foto: Martin Bremnes

A-lista uke 41-42

Førebygg ein potensiell haustdepresjon (eller dykk ekstra godt ned i den) med denne ferske oktobermusikken som utgjer A-lista veke 41-42. Noko kosmisk svever over lista når vi lyttar oss frå Trondheim-funk, til Oslo-beats, til Bergensartistar som stadig leverer. Skrive av Ragnhild Eikeland.


  • Nea & The Regulars – Snake Eye Popsicle Ingenting Regular med den låttittelen der, og jammen låter dette unikt! Trondheimsbandet Nea & The Regulars har sluppe singel, og låta er ein funkfest utan like. Chill med duene ein solrik haustdag og nyt alt groovy og laidback i én og samme låt; «Snake eye popsicle»! Fieh ristar i støvlane sine.
  • Linni, Maya Vik – Eazy Ridah (ft. Maya Vik) Det dampar godt når «kisen i flammen» Linni og «piken i vannet» Maya Vik gir oss deilige «Eazy Ridah». Mot bergensrapparens skarpe vokaluttrykk ligg Mayas’ som eit nydelig bakteppe i kvart refreng. Maya blir den mystiske «madammen» du kan høyre meir om på Linnis splitter nye skive; «Stjernekriger».
  • Bård Berg, baby b – You Got Me (ft. baby b) inni er ikkje den einaste som har sluppe nytt album, det har også ein A-lista-favoritt; Bård Berg. Med første spor «You Got Me» slår trommeslagaren i gong larmen av «Oslo Beats Vol. III». Saman med Bethany Forseth-Reichberg på vokal får dei det til å dunke R&B-inspirerte elektronika-vibbar gjennom Oslo by.
  • Benedikt – You Might Remember Den melankolske kjensla kjem krypande kvar haust, og denne gongen kan du dyrke den med draumande indie-orkestermusikk frå Benedikt. Luftig vokal, lett gitarspel og innslag av vakker stryk og treblås tilbyr komfort. «You Might Remember» er som ein varm klem ein hustri haustkveld.
  • Boge, Girson, Martin Hazy – Ro Det kan fort bli litt hazy og hektisk når ein først er ute på ein snurr, og med Boges nye house-fest av ein låt kan du bli eitt med natta. På «Ro» har partyministeren teama opp med bergensrapparane Girson, kjent frå A-laget, og Martin Hazy. Uansett kva substansar du pleier å «roe» ned til, kjem du i god modus med skarre-R og klubbeats frå Boge & Co.
  • Linni – Stjernekriger Linni får skinne dobbelt så sterkt på A-lista denne gongen, og ikkje utan grunn. Sluttsporet med same tittel som albumet, «Stjernekriger», osar av 80-tals pop-rock. I denne låta reiser vi lysår langt ut i rommet til lyden av nostalgisk synth, episke gitarsoloar og finurlig galakselyrikk. Bli med da!
  • Romskip – Sirkelen Roterar Vi er fortsatt lei av jordlege tilstandar. Derfor blir vi svevande ute i rommet litt lenger. I Melkeveien ein plass møter vi Romskip og den nye singelen deira «Sirkelen Roterar». Det er lov å vere lei og lat, særleg om hausten. Med røffe gitarriff og rå vokal får bergensrockarane det til å riste i satellittane.
  • Kniv & Gaffel – Dopamin Rock-pop-duoen Kniv & Gaffel dekker bord og på fatet ligg eit lite knippe dopamin. Forfriskande morosam tekst til forrett og ein hovudrett som smakar alt frå indiefolk til funkrock. «Dopamin» føkker med hodet på den beste måten.
  • Angermund, Silja Sol – Perler for svin Norges technoscene imponerer stadig og frå Angermund får du mørk, intens haustelektronika. Bergensartisten Silja Sol kastar ein kontrastrik glans over det kosmiske lydlandskapet med ei klar, gripande stemme. Låta er ei nydelig perle ein ikkje kastar for svin.
  • Thea & The Wild – Poisoned Apple Hausten er sesong for epler, men pass på at du ikkje går for feil sort. Frå Thea & The Wild får vi ein følsam intro til eit nydelig tredje album frå singer-storytelleren. Trygg og god indiepop er akkurat det ein treng når haustmørkret legg seg for godt og ein reflekterer over alt som kunne blitt.


  • Du finner alle tidligere a-lister på Spotify