Kolossal kino

Oslos nye storstue freistar med høgteknologi og komfort

Sjå for deg at du står utanfor ei massiv kinobygning. Når du entrar døra kjem dei vanlege ingrediensane til syne: ein stor kiosk som freistar med popcorn, snacks og godteri, og på veg til kinosalane er det sitteplassar du kan slappe av i. Går du derimot ein etasje opp openberrar det seg ein 300kvm stor bar-lounge som tilbyr betre mat og drikke som du kan kose deg med både før og etter filmvising. Slik er det altså på det som kan skilte med å vere Noregs største kinosenter, nemleg Odeon Kino Oslo. Odeon opna i midten av mars, og har som mål å gje dei andre Oslo-kinoane hard konkurranse ved å satse stort på teknologi og komfort.

– Vi som er frå landet som kjem til byen er vande til å ha på oss finstasen slik at vi ikkje skal skjemme oss ut. Sånn er det òg når vi skal kome til Oslo for å bygge kinosenter. Då vil vi at det skal bli det finaste verda nokon gong har sett. På den måten kan vi utfordre dei andre Oslo-kinoane, og gje dei konkurranse som dei ikkje har fått på over 100 år, fortel Ivar Halstvedt, dagleg leiar av Odeon Oslo.

Vegen mot målet har derimot vore lang og kostbar. Prosessen starta for 19 år sidan med å finne ei passande tomt å bygge kinosenteret på. Dei enda opp med eit område ved sidan av Storo Storsenter, og saman med Olav Thon-gruppa har dei brukt dei siste fem åra på å bygge det som no er ein gedigen svart filmframsynar.

Odeon Oslo husar i alt 14 kinosalar og har ein totalkapasitet på over 1600 personar. På desse kinosalane er det brukt ny, framifrå teknologi. Blant anna kan alle kinosalane vise 4k-filmar, i tillegg til å vere utstyrt med Dolbys Atmos lydsystem – eit system som skal gje eit meir heilskapleg lydbilete enn det konvensjonelle kinoar gjer. Vidare kan Odeon Oslo fronte med å vere det einaste kinosenteret i verda som bruker laserprojeksjon. Men kva er eigentleg fordelen med laserprojeksjon?

– Fordelen med laserprojeksjon er at det kastar enorme mengder ljos på lerretet som vidare bidreg til at oppløysinga blir betre, og at 3D-opplevinga blir noko folk aldri har opplevd før nokon annan plass, informerer Halstvedt.


Foto: Jon Einar Sivertsen/ODEON

Image Maximum

Det som likevel har fått mest oppmerksemd er IMAX-salen. IMAX, eller Image Maximum, er verdas største digitale format og er designa ned til minste detalj for å skape den beste kinoopplevinga. På Odeon Oslo er lerretet på heile 15 gongar 25 meter, og kan samanliknast med storleiken til ein 5-etasjers bolegblokk. Om ikkje det var nok er det i denne salen òg mogleg å nyte filmsekvensen i luksuriøse VIP-stolar. Dei er forma som godstolen heime, men har i tillegg justerbar varme, tilgang til stikkontakt, eit lite bord og drikkehaldar. Det verkar som om Odeon Oslo har gjort ein grundig jobb, for Halstvedt kan informere om at landets einaste IMAX har fått anerkjenning frå internasjonal hald:

– Det var veldig hyggeleg då IMAX under Cinemacon - verdas største kinomesse - i Las Vegas utpekte IMAX-salen på Odeon Oslo til verdas beste. Det synest vi er veldig stas, seier den daglege leiaren stolt.

Til tross for at IMAX-teknologi og IMAX-produserte filmar kostar høge summar har Halstvedt trua på at det i framtida vil kome fleire norske og internasjonale filmar i det formatet. Men kostar det ikkje mykje å lage IMAX-produserte filmar?

– Det er i det heile tatt dyrt å produsere filmar, så det handlar om å prioritere og å byrje tidleg. I tillegg har vi sett at IMAX-produksjonen aukar. Det er ikkje berre dei største Hollywood-filmane som aukar, men òg naturfilmar frå andre land og mindre språkområde. Vidare håpar vi på at vi i løpet av dette året eller neste kan vise norskproduserte filmar som har blitt oppgraderte til IMAX-formatet.

Business

Det er ikkje til å kome unna at Odeon driv business. Mange vil nok vere skeptiske til eit kinosenter som er sterkt prega av kommersialisering og som er med på å mjølke den allereie rike filmindustrien i Hollywood ved å vise store blockbusters som Avengers, Jurassic Park og andre action- og superheltfilmar. Kva seier du til dei som er skeptiske til ei så forretningsorientert kinobedrift?

– Det er sant at det er sal vi lev av sidan vi ikkje får noko offentleg støtte. Difor har vi brukt mykje pengar på arkitektur, interiør og ikkje minst dei store skjermane våre som eit forsøk på å konseptualisere senteret. På grunn av det kan ein kanskje bli slått av kor storslagent det er. Likevel får vi mange gode tilbakemeldingar på kor gjennomført det er og at vi har lykkast med å ha ei raud tråd gjennom det heile. Likevel finst det òg visse soner som er skjerma for visuelt støy viss ein har behov for det.

Dei har óg eit tilbod til dei som liker mindre salar, og meir intime filmvisingar:

– Publikum har fått augo opp for dei mindre salane vi har óg, der ein kan sjå kvalitetsfilmar med immersive sound (3D-lyd red.anm.) og laserprojeksjon utan bulder og brak. Vi viser 35 ulike filmtittel i veka, og difor finst det noko for kvar smak, seier Halstvedt engasjert.

Om Odeon Oslo fell i smak for alle er ikkje godt å seie. Kinosenteret har likevel klart å tiltrekke seg publikum, for Halstvedt kunne i april fortelje at på dei siste fem vekene hadde det vore 72 000 besøkande. Målet om å skilje seg ut og skape konkurranse verkar i alle fall å vere nådd.

Toppfoto: Jon Einar Sivertsen/ODEON